Gymmen Scene og Studio ligg ved Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og er ei sjangerfri scene med mange konsertar i løpet av året.
I tillegg til konserter vert Gymmen også brukt til klubbkveldar, quizkveldar, konferansar og ungdomsklubb og mykje meir. Mange band og artistar bruker huset til øvingslokale.
Lokalet inneheld konsertscene, backstage, bar og musikkstudio i kjelleren. Plasseringa er sentralt i Nordfjord og gir kort reiseveg frå Måløy, Stryn, Volda og Førde.