TEKNISK


Her finn du oversikt over teknisk utstyr, lys og lyd på Gymmen Scene.


VÅR HISTORIE 


GYMMEN SCENE OG STUDIO


Gymmen Scene og Studio på Eid er den råaste livescena i Sogn og Fjordane! Ein stad for all type kultur, kreativitet og scenekunst. Og magi. For det blir fort magisk å vere publikum på ein konsert i Gymmen. Om det er med Kulturskulen i Eid, Stein Torleif Bjella, Oslo Ess, Jackbow eller Hovland & Tønes. Malakoff Rockfestival administrerer Gymmen Scene og Studio i tett samarbeid med Operahuset Nordfjord.

 

Lokala våre inneheld scene med kapasitet til 275 personar med bar og backstage. I kjellaren finn ein studio, treningsrom og garderobar. Plassering sentralt i Nordfjord gir kort reiseveg frå Måløy, Stryn, Volda og Førde.

( Amund Maarud & Lucky Lips 2019 )


MALAKOFF ROCKFESTIVAL


Gymmen Scene & Studio (Gymmen) er Malakoff Rockfestival si heilårscene og musikkstudio. Gymmen Scene er ei sjanger-uavhengig livescene som ligg lokalisert på Nordfjordeid i Vestland fylke.


Malakoff Rockfestival har sidan starten i 2003 etablert seg som den største festivalen innan sin sjanger på Vestlandet. Populærmusikk med fokus på rock, og norsk rock særskilt treff eit breidt publikum. Festivalen skal levere kunsterisk innhald av høg kvalitet til barn, ungdom og vaksne. Festivalen som kvart år finn stad på Nordfjordeid i veke 29 presenterer store internasjonale namn saman med dei til ein kvar tid største norske artistane, dei spennande nyetablerte og morgondagens stjerner frå lokalsamfunnet. Malakoff er i dag ein av landets største festivalar med sine 28 000 besøkane, og ein institusjon som skapar identitet og bulyst i distriktet med heilårsdrift på klubbscena Gymmen og med nærare 1000 frivillige.


ARNT-IVAR NAUSTDAL

dagleg leiar

GUNN GUDDAL

administrasjon

KRISTIN SANDAL

prosjektmedarbeidar