Misery and Company – plateslepp 3.okt

«Our Time in the Sun»

Etter fleire år med låtskriving, innspeling og konsertar slepper Misery and Company endeleg sitt andre album, Our Time in the Sun.

Det er på tide å feire.

Det ønskjer dei å markere med ein heilt spesiell kveld i Gymmen, og håpar publikum vil vere med.

DØRENE OPNAR: 20:00
KJØP BILLETT

Gjennom sommaren og hausten deler dei musikken frå albumet litt etter litt. Når plata endeleg er ute, inviterer dei til sleppefest – ein kveld der dei feirar både musikken, reisa hit og alle som har følgt dei undervegs.

Til denne konserten har dei samla heile albumbandet på scena. I tillegg til Misery and Company blir gjestemusikarane som medverka på innspelinga med, noko som gjer dette til ei heilt unik utgåve av bandet.

Publikum kan vente ein kveld fylt med speleglede, gode historier og musikk som spenner frå vare duettar til lettbeint og taktfast bluegrass.

På scena

Misery and Company

· Silvia Holmøy – vokal

· Eivind Skjerdal – gitar og vokal

· Sigmund Larsen – fele, torader

· Atle Oen – banjo, gitar og vokal

· Eirik Haugland – kontrabass og vokal

Med gjester

· Stig Ulv – mandolin

· Dan Aasebø – dobro

· Torgrim Skjerdal – trommer og perkusjon