Kl. 20 Dørene opnar
Kl 21-23 Korsong alle – leia av Eid Mannskor
Kl 23-00 Pub
CC: 150 kr – KJØP BILLETT HER
ID: 18 år
Sang skaper stemning og harmoniar i fellesskap gir ekstra gode kjensler. På denne korpuben er det Eid Mannskor og Gymmen som samarbeider og inviterer alle som har lyst til å delta i korsang på ein «trygg og hyggeleg måte». «Alle» betyr alt frå «dusjsongarar» som ikkje har vore i kor før, – til aktive korsongarar.
Korpuben har ein innøvingsdel der publikum skal få lære 2 tre-stemte songar og 1 tredelt canon. Canonen er ein kombinasjon av 3 songar som alle kan. Dei to andre songane er tre-stemte og som mange truleg har høyrt før. Innøvinga skjer ved hjelp av lytting til dirigent og pianist i Eid Mannskor, Øyvind Lied. Han står på scena, publikum er i salen og tekst blir vist på storskjerm. Songane er arrangerte så enkelt at det skal vere lett å øve inn på kort tid, men skal samstundes gje den gode korkjensla.
Etter ei pause skal songane framførast i fellesskap. Eid Mannskor har øvd på stemmene i forkant og blandar seg med publikum som støttesongarar.
Trygt og hyggeleg!