Knopfler på norsk – 7.november

Frå Sultans of Swing til Brothers in Arms

Korleis ville songane til Mark Knopfler og Dire Straits ha høyrdest ut på norsk?

Laurdag 7. november inviterer vi til Knopfler på norsk – ei sitjande konsertoppleving der nokre av dei mest folkekjære songane frå Mark Knopfler sitt univers får nytt liv med norske tekstar.

DØRENE OPNAR KL 20:00
KJØP BILLETT

Gjennom eigne gjendiktingar ønskjer vi å løfte fram historiene, karakterane og stemningane som har gjort Knopfler til ein av vår tids største låtskrivarar. Målet er ikkje å kopiere originalane, men å kome tettare på tekstane og forteljingane som ligg bak.

Publikum får mellom anna høyre norske versjonar av Sultans of Swing, Brothers in Arms, What It Is og Sailing to Philadelphia, saman med fleire andre favorittar frå katalogen til Mark Knopfler og Dire Straits.

På scena står:

  • Atle Oen – vokal og gitar
  • Marius Mundal – gitar
  • Alexander Svensen – gitar
  • Lars Helge Hopland –  tangentar
  • Raimund Hoclas – bass
  • Stig Hegrenes – trommer

Velkomen til ein kveld med sterke historier, vakre melodiar og songar som har rørt menneske over heile verda i fleire tiår – denne gongen på norsk.