Fredag 20. november kjem Andreas Rotevatn tilbake til Gymmen med fullt band og nytt album i kofferten!
«Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Andreas Rotevatn er rett og slett grisebra musikk! Terningkast 6”
– J. R. Bertelsen – Bergens Tidende
Og ja, einkvar stad i midten finn du musikken til Andreas Rotevatn. Albumet “Av daude gror” kom ut i 2024, og markerte starten på solokarriera til Rotevatn. Sidan det har bandet spelt konsertar på mellom anna Moldejazz, Bergtatt-festivalen, Malakoff og Vossajazz. Hausten 2026 kjem oppfølgaralbumet “Mellom saltvatn og sola”. Her tek Rotevatn og bandet musikken vidare til neste nivå, med eit telepatisk samspel og energisk driv. I bandet til Rotevatn finn du tre av dei råaste musikarane i landet:
Sander Nordahl – gitar
Nikolai Hængsle – bass
Elias Tafjord – trommer
Utover desse tre er det fleire nominente musikalske gjestar på plata. Mellom anna er Lindstrøm, Tuva Syvertsen, Runar Gudnason og Henriette Eilertsen innom med sine musikalske stemmer.
–
Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid. Han bur no i Oslo, og har ei solid karriere bak seg som musikar og komponist. Mellom anna vart han spellemannsnominert i 2020. Tidlegare har Rotevan hatt ein variert musikalsk diett, og han har samarbeida med artistar som Cezinando, Jaga Jazzist, Ytre Suløens Jass-Ensemble & OJKOS. I soloprosjektet hans kulminérar den varierte bakgrunnen, i ei salig blanding av musikalske retningar. Men musikken høyrast likevel umiskjenneleg ut som Rotevatn – alltid med rytmefoten engasjert, og hjartet utpå brystet.