Fredag 13.desember og Laurdag 14.desember
Dørene opnar 20:00
Konsertstart 21:00
Aldersgrense: 18 år
Dørene stenger: 00:00
Hald av fredag 13. eller laurdag 14. desember til dobbel julekonsert i Gymmen med to av landets flottaste stemmer. Viss du og gjengen din er på utkik etter ein intim julekonsert der du får servert harmoniar og samspel i verdsklasse frå to hyperaktuelle og svært aktive damer; look no further!
Silver Belles er eit julesamarbeid, skapt av låtskrivarane og americana-stjernene Stine Andreassen og Live Miranda Solberg. Kvar for seg er dei mest kjende som frontfigurane i The Northern Belle og Louien, som begge er kritikarroste og folkekjære artistar. De spelar også saman i folk-kvartetten Silver Lining, og til line-upen for Silver Belles jula ‘24 har Stine og Live rekruttert bandmedlemmene derifrå. Det vil seie at ein får den malmfulle stemma og det unike gitarspelet til Halvor Falck Johansen, i tillegg til det allsidige strengespelet til gitarvirtuosen Bjørnar Ekse Brandseth. Saman trakterer kvartetten strengar, tangentar, fleirstemt vokal og gjev publikum eit nøye kuratert utval av julemusikk. Vi får servert klassikarar, nyare favorittar og originalar frå fire eksepsjonelt dyktige musikarar. Garantert julestemning!