Fredag 24.januar 2025
ID: 18 år
KJØP BILLETT
I sommar smelta dei Malakoffpublikummet med ein nydeleg konsert. No får du mulegheit til å oppleve eit av dei finaste norskspråklege banda igjen på Nordfjordeid – denne gongen i Gymmen!
Den nyaste singelen Bittelitt er superfin, og endå fleire nye låtar er på veg. Vi gler oss til både ny musikk og konsert!
20:00 Dørene opnar
21:00 Plateprat frå scena med Oddny
21:30 Konsert
00:00 Dørene stengjer
Bio
Folkrockbandet Oddny er eit norskspråkleg alternativ rock-fenomen med tekstleg pondus. Dei foreiner det vestlandske underfundige med element frå rock, folk og honningsøt pop, og beskriv dei store følelsane i små bilete.
Dei 4 karane held til i Oslo/Bergen, men har musikalsk hovedkvarter i eit hus i Bremanger, der dei samlast for å bu, skrive og spele inn musikk. Låtskrivar Iver og trommis Oliver er frå Bremanger, bassist Bartek frå Førde og tangentist Edvard frå Sandane.
Oddny gav i november i fjor ut EP’en Eg trur at eg må spy/Våte sko på eige plateselskap, HotWater, med distribusjon hos MATE/The Orchard. Låten “Oktober, Bergen by” blir jamnleg spelt på NRK P1 nasjonalt, og Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023! I oktober 24 slapp dei den nyaste singelen Bittelitt – som føyer seg inn i rekka av finfine Oddny-låtar.