KONSERT 18.10.: Atle Oen m/sleppefest

Fredag 18.oktober
Dørene opnar 20:00
Plateprat 21:00
Konsertstart 21:30
Aldersgrense 18 år

BILLETTAR KJØPER DU HER

Sleppefest for «Safe at Sea»

Atle Oen slepp tredjealbumet «Safe at sea» fredag 18.oktober. Albumet er spelt inn i Gymmen Studio, så det er no perfekt å feire dette med sleppefest i Gymmen same dag som plata kjem ut!

Denne gongen har han med seg Hege KL Naustdal som medprodusent og ikkje minst på vokal. Albumet er spelt inn i Gymmen studio, med lokale musikarar. Oen og bandet lovar kortreist kvalitetscountry, med solide innslag av blues, folk og countryrock. 

I tillegg til Hege på vokal har han samla alle som spelar på plata, og stillar mannsterkt med Dan Aasebø på gitar, Stig Hegrenes på trommer, Raimund Hoclas på bass, Øystein Undem på tangentar og Steinar Karlsen på lap steel og gitar. 

Atle Oen (48) frå Nordfjordeid og Øygarden har gitt ut to album og ein EP med eigne låtar i americanasjangeren. Han har vore nominert til årets nykommar av NRK Sogn og Fjordane og fleire av låtane han har laga blir spelt jamleg på NRK radio.

Bio

Atle Oen (48) frå Nordfjordeid og Øygarden har gitt ut to album og ein EP med eigne låtar i americanasjangeren. Han har vore nominert til årets nykommar av NRK Sogn og Fjordane og fleire av låtane har vore lista på NRK radio. Han har spelt konsertar på Malakoff Live Laga, Fjordblues, Stryn visefestival, Bergen Bonanza og Gymmen americanafestival. Musikken står stødig i americanasjangeren, men varierer frå enkle singer/songwriter-låtar, via honky tonk og ballader til flat pedal countryrock. Musikalske førebilete er Mark Knopfler, Jason Isbell, John Prine og Tom Petty. Denne hausten er Atle Oen aktuell med nytt album, Safe at Sea, som kjem ut 18.10. Der samarbeider han med Hege KL Naustdal på vokal og produksjon. Med Hege på laget vart det plass til fleire duettar, meir koring og solide dosar hjarteemojis! I tillegg har Dan Aasebø vore teknikar, spelt gitar og sørga for godlyd. Med seg på plate, og scene, har dei også Stig Hegrenes på trommer, Raimund Hoclas på bass, Steinar Karlsen på gitarar og Øystein Undem på keys. Saman garanterer dei fullskalatesting av plata «Safe at Sea», på heimebane, Gymmen på Nordfjordeid.