AV SOSIAL – 13. og 14.feb

Fredag 13. februar kl 18 og Laurdag 14.februar kl 15 står Øyvind Ariansen og Viktor Nordstrand på scena i Gymmen med framsyninga «AV SOSIAL».

Gjennom teater og spel ønskjer Ariansen og to kompisar frå Romerike folkehøgskule å vise korleis det kan opplevast å leve med ADHD – både på godt og vondt.

– Dette er eigentleg eit innblikk i eit indre liv. Vi har prøvd å lage eit fysisk bilde av korleis det kan kjennast å ha ADHD, seier Ariansen, som lovar ei framsyning som set kjensleregisteret i spel.

LES MEIR