19.MARS

JONAS ALASKA

Jonas Alaska til Gymmen!

Fredag 19.mars
Doors: 20:00
Show: 21:00

Pris: 290,-
Fri aldersgrense - open bar
Kapasitet: Begrensa grunna smitteverntiltak


Jonas Alaska slapp i haust sitt femte soloalbum Roof Came Down, etter å ha servert fire strålande nye singlar sidan sommaren.

I kjølvatnet av albumsleppet legg han ut på trio-turne ilag med to av landets dyktigaste musikarar, David Wallumrød (Bjørn Eidsvåg, Odd Nordstoga mfl) på tangentar og Olaf Olsen (Bigbang) på trommer, som begge spelar på det nye albumet.

Jonas Alaska er ein av sin generasjon sine sterkaste låtskrivarar her i landet, og står bak uforgløymelege låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemannominert for debutalbumet sitt, og har sidan den gang slept tre album som alle har fått strålande mottaking i og utanfor Norge.

Det er klart for både splitter nye låtar og gamle favorittar når Alaska gjestar Gymmen i eksklusiv og intim setting.

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å klikke på "Godta" samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler.

Godta